Soga om mannen som bytte bank

Det var ein gong ein mann som budde i ei bygd. I bygda var det ein lokal sparebank; Veslebanken. Mannen var kunde i banken, og hadde vore det i alle år.

Ein dag mannen gjekk forbi bankkontoret stod sjølvaste banksjefen på trappa. Han hadde eit stort, kvitt skjortebryst og eit stramt slips, og stod med hendene i sida og var noko til kar. Ja, det var ein retteleg stor banksjef til ein så liten bank å vere.

-«Nei, god dag, mann», sa banksjefen til mannen. «Er det den karen som er ute og går? Kom inn på bankkontoret mitt, så skal du få eit privatøkonomisk råd eller tre!» sa banksjefen. Mannen tykte dette var både flaut og ugreitt, så han hasta forbi medan han sa: «Nei, eg har så mykje å gjere, det er så mykje på ferde, så det har eg korkje tid eller hug til!» Mannen gjekk framom.

Ein annan dag mannen gjekk forbi bankkontoret, stod banksjefen der igjen. Han hadde kasta slipset og jakka, og då mannen gjekk forbi sa han: «Hei, kjære kunde! Du skulle vel ikkje ha lyst til å stikke innom bankkontoret vårt? Vi har både trådlaust Internett og caffe latte, så viss du vil, så …?» No kjende mannen at han vart litt harm. Dette hadde dei tala om før. Mannen sa: «Nei, eg har så mykje å gjere, det er så mykje på ferde, så det har eg korkje tid eller hug til!» Han gjekk framom.

Ein tredje dag mannen gjekk forbi bankkontoret til Veslebanken sat banksjefen på trappa og stura. Då han såg mannen, reiste banksjefen seg opp og sa med gråtamål: -«Nei og nei! No har eg ikkje hatt ein gjest på kontoret på sju dagar, trass i utvida opningstider! Kan du ikkje kome innom og kjøpe eit kvart av meg?» No kjende mannen at han vart retteleg sint. «Nei, no, altså! Eg har så mykje å gjere, det er så mykje på ferde, og det har eg sagt at eg korkje har tid eller hug til!»

Mannen bråsnudde, og gjekk rett heim. Framfor datamaskinen heime fann han nettsida til ein annan bank, Storebanken, ein større sparebank som ikkje hadde kontor i bygda. Han vart straks kunde der, og flytta både innskot og gjeld frå Veslebanken.

Og slik gjekk det til at mannen bytte bank. Som kunde i Storebanken var han lukkeleg alle sine dagar. Banksjefen i Veslebanken vart aldri meir spurd, men dersom ingen kundar ville kome innom, så sit han nok og sturar på trappa den dag i dag!

;

«Soga om mannen som bytte bank» er basert på ei sann historie om ein bankkunde som skifta til ein bank som ikkje hadde bankkontor akkurat der han budde, fordi han syntest det var så flaut at han stadig takka nei til å kome innom bankkontoret til den lokale banken, der han var kunde. Frå 2002 til 2010 auka den delen som sjeldan eller aldri er på eit bankkontor frå 50 til 75 prosent.

Om bortne
Markedsanalytiker i bank. Opptatt av markedsanalyse, bank, forbrukertrender, teknologi, sosiale medier, økonomi, innovasjon, holdninger, adferd, og alt det som ellers gjør oss til dem vi er.

One Response to Soga om mannen som bytte bank

  1. Takk. God historie.
    Erfaringsmessig er det:
    Bedre å være en stor mann i en liten bank enn en liten mann i en stor bank.
    De eldre bør knyttes lite opp mot datarådgivning, og hjelpes personlig hyppig.

    Mange kunder har fått telefonkontakt og hjelp til investering, lån, kontotypeskifte, eieskifte mv

    Får man tid og saldoen er bra kan man kansje ta et telefoninitiativ og foreslå tjenester.
    Obs på Fondforslag. Stort sett bør man ha sin egen portefølje, shipping, industri, medisin, handel ,eiendom mv og selv stå inn og ut med meget langt perspektiv. De som er aktive forstår det og gi dem rett i det.

    Dernest bør man nok investere i utdannelse og fast eiendom. Det er nok også riktig ifg de økonomiske guruer innen akademia.

    Når dette er brakt på banen får man så selge råd, fond mv til de som ikke har tid, vilje til egeninnsats.

    MVH Steffensrud Skadeservicelege SpBank 1 Oslo

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: